Arbeidsstipend for satireteiknarar

24. mars 2021

Humor, brodd og råskap: Satireteikninga sparkar oppover og avkler makta. Ho er til for å kritisere og gje motstand. Dei beste teikningane i denne sjangeren får oss til å sjå saker og politiske tilhøve, jamvel oss sjølve, med eit nytt blikk.

Fritt Ord ynskjer å styrkje satireteikninga si stilling i Noreg, og lyser ut inntil ni arbeidsstipend à kr 100 000 til samfunnsengasjerte teiknarar og utøvande biletkunstnarar. Dette svarar til forarbeid i fire månader hausten 2021. Avtalen utløyser inntil kr 100 000 i tillegg når arbeidet fører fram til publiseringsavtale eller eigenpublisering i 2022.

Søknadsfrist 15. juni 2021.

Vi ynskjer å nå fram til unge og debuterande teiknarar så vel som etablerte utøvarar. Vi tek imot klassisk satireteikning for papirpublisering, stripeteikning og eksperimenterande sjangerleik, digitalt eller på trykk (bøker og utstillingar kjem ikkje inn under dette). Teikningane kan vere retta mot lokale eller nasjonale tilhøve. Kritikk av maktaktørar og maktstrukturar gjennom visuelle uttrykk vil stå sentralt i vurderinga av dei innleverte arbeida. Samfunnskritikk, religion, politiske og økonomiske kløfter, sosiale skilnader, majoritet/minoritet, kjønn og klima er viktige stikkord, og vi legg vekt på at teikningane skal ut i det offentlege rom som kommentarar til reelle saker.

Søk stipend ved å levere:

1) Eit verk som svarar på temaet majoritet og minoritet.

2) Ei skisse av eit frittståande prosjekt, det vil seie ein plan om korleis du vil arbeide vidare som teiknar. Det kan vere ein overordna eller meir konkret tekst om prosessen og det vidare arbeidet som du planlegg – og som skal føre fram til publisering i papiraviser eller digitale media. Her bør det komme fram kva slags tilnærming du vil ha til emne og form. Skriv gjerne om eventuelle samarbeidspartnarar. Lever inntil to sider.

3) Legg ved CV.

Send søknad på e-post til satire@frittord.no.

Dei utvalde teiknarane mottek arbeidsstipend på kr 100 000, som svarar til arbeid i fire månader hausten 2021. I den perioden blir det gitt tilbod om rettleiing, råd og utvikling frå fagpersonar/jurymedlemmer. I dette tidsrommet skal teiknarane arbeide mot aviser eller andre medium for å inngå publiseringsavtale. Teiknarane vil kunne få like mykje i stipend frå Fritt Ord som dei får i honorar. Det utløyser ny støtte frå Fritt Ord på inntil kr 100 000. Etter fullført prosjekt utarbeider teiknarane ein kortfatta rapport.

Jury

Arifur Rahman, teiknar
Bianca Boege, Avistegnernes hus
Flu Hartberg, teiknar
Egon Holstad, kommentator, iTromsø
Mia Mottelson, teiknar

Joakim Lie og Anne-Lise Sognnes frå Fritt Ord er prosjektleiarar.

Spørsmål? Send e-post til satire@frittord.no

Nyheter

Forslag til Fritt Ords Pris 2025

2. januar 2025

Fritt Ord mottar gjerne forslag til aktuelle kandidater til Fritt Ords Pris.

Filmen «Håpløs mor» om et tabu – Jeg ville bare rømme fra familien min. Nye tildelinger i desember 2024

9. januar 2025

Regissør Bente Johanne Moe og Fotspor Film har fått støtte til dokumentarfilmen «Håpløs mor» om det skambelagte tabuet fødselsdepresjon.
– Filmen skal bidra til større åpenhet, sier Moe.

Her er listen over nye tildelinger fra Fritt Ord i desember 2024, til søknader om kr 100 000 eller mindre.

Hva skjedde med demokratiet i Georgia? Ny bok og andre nye tildelinger i desember 2024

19. desember 2024

Journalist Katarina Goldfain Johnsen debuterer som forfatter med en sakprosabok om Georgia, demokratihåpet i Kaukasus mange frykter er på rett vei inn i autokratiet.
– Det finnes ennå ingen egen bok om Georgia på norsk, sier forfatteren. Se intervju med henne og Masahat Festival for arabisk kunst og kultur, og hvilke søkere som fikk støtte av Fritt Ord i desember 2024.

Henrik Hovland.

Frie stemmer Henrik Hovland ble arrestert i Guatemala i 1993 – Dødsskvadronene tok også journalister

18. desember 2024

– Guatemala var fortsatt et land med dødsskvadroner der journalister lett kunne forsvinne, forteller forfatter og journalist Henrik Hovland, om da han i 1993 ble arrestert på et pressetrykkeri etter at kuppmakerne opphevet pressefriheten.
Hovland har engasjert seg sterkt for ytringsfrihet internasjonalt, blant annet på Cuba.
– I Norge er de største ytringsfrihetsproblemene misforstått lojalitet og feighet, noe som blant annet fører til taushet og selvsensur, sier han.