Overrekkelsen av Fritt Ords Honnør til Nina Johnsrud 22.11.12

23. november 2012

Under et arrangement i Uranienborgveien 2 torsdag 22. november ble Nina Johnsrud tildelt Fritt Ords Honnør for modig journalistikk og forsvar av ytringsfriheten.

Honnøren ble overrakt av Fritt Ords styremedlem Sigrun Slapgard. Opptak av arrangementet er tilgjengelig på YouTube.

Sigrun Slapgards tale ved overrekkelsen av Fritt Ords Honnør til Nina Johnsrud

Det kan vere veldig einsamt å få truslar. Og det er veldig invaderande både mentalt og fysisk at nokon går til angrep på din private heim.

Når både truslar og avfyrte skot handlar om det same: Å få deg til å teie stille, ikkje skrive, ikkje ytre deg – å få deg til å slutte med det som er livet ditt – ja, da kan det kjennast like alvorleg som faren for å miste livet.

Dette er alvoret i det Nina Johnsrud har opplevd som journalist – og det er i dette alvoret ho har stått opp, nekta å bøye unna – og bestemt seg for å vise mot. Kjempe for sitt liv som journalist, kjempe for ein fri og kritisk journalistikk. Det står det respekt av. Kostnaden kan vi andre berre ane.

Og når dette er sagt: Truslar mot journalistar er mye meir enn ei individuell sak – det rammar på ein særskilt måte sjølve bærebjelken i samfunnet vårt, det demokratiske bæreelementet som heiter ytringsfridom. Derfor handlar ei trusselsak også om så mye meir enn ein skremmande trussel mot eit enkelt menneske.

La oss derfor sjå på det som har skjedd med Nina i dette lyset:

For seks år sidan opplevde Nina Johnsrud at det vart skote på huset hennar i Oppegård. Hennar to søner på da åtte og tretten år vegra seg for å gå forbi stovevindauget i tida etterpå. Sjølv måtte ho venne seg til å leve med valdsalarm. Arfan Bhatti, leiar for Young Guns, vart først sikta, men saka vart ikkje oppklåra og lagt til sides. Den same Bhatti vart dømt for å ha medverka til skota mot den jødiske synagogen i Oslo – og han er ein av framgrunnsfigurane i Profetens Ummah som nå blir etterforska i den siste saka med truslar mot Nina Johnsrud.

Det var fredag 12. oktober i år at Nina avslørte at ekstreme islamistar tar jegerprøva for å kunne skaffe seg våpen.

Det handlar om eit ekstremistmiljø der bruk av vald er godkjent som politisk-religiøst verkemiddel – eit miljø som det er all grunn til å ha skarpt søkelys på.

Nina Johnsrud kunne glede seg over at heile media-Norge plukka opp saka, men gleda blei kortvarig. Ein trugande e-post frå leiaren av Profetens Ummah dukka opp på dataskjermen. Nina hadde god grunn til å bli livredd da ho fekk meldinga: «Du må ikke bli overrasket om noe eller noen dukker opp i ditt privatliv», som det m.a. stod. Etter si tidlegare erfaring kunne ho berre oppfatte denne meldinga på ein måte: som ein trussel. Som ein knyttneve i magen, slik ho sjølv har beskrive det.

Trusselen mot ein journalist er eit angrep på oss alle, er vi i media einige om i alle festtalar. Men sanninga er at Nina stod nokså åleine om å fronte trusselen. Det var einsamt ei god stund. To veker kan vere veldig lenge når du kjenner deg truga.

Den fredagen ho fekk trusselen drog ho heim åleine, utan følgje. Ho pakka i full fart, drog ein annan stad for helga. Politiet følgde opp med ein kontaktperson som var tilgjengeleg. Dette var kanskje det mest positive Nina opplevde i denne første tida, i tillegg til støtteerklæringar frå fjern og nær.

Eg trur dessverre dette kan vere ei allmenn erfaring: Vi pressefolk er ikkje flinke nok til å slå ring om og ta vare på kvarandre når det verkeleg gjeld. Det er å håpe at denne saka kan bli ein vekkjar, både om redaksjonelt ansvar og kollegar imellom. Journalistlaget har ei klar oppgåve i å følgje opp, både trusselundersøkinga frå i sommar og Nina si konkrete erfaring.

Det er nok ikkje tilfeldig at det nettopp var Nina Johnsrud som gravde fram saka om jegerprøva. Eg møtte Nina på universitetet for kanskje tretti år sidan, da hadde vi begge tatt spansk. Nina var aktiv med sitt menneskerettsengasjement og reiste til Latin-Amerika. Det blei Journalisthøgskolen, men ho heldt fram engasjementet sitt mot overgrep og diktatur. Da den norske sjukepleiaren Miriam Bergholz sat fengsla og vart torturert i Chile, var det Nina Johnsrud som trassa alle forsiktigheitsreglar og fann fram til henne. Ho fekk tatt bilde og skaffa nødvendig dokumentasjon. Det skal mot til slike handlingar i eit land med drap og tortur på dagsorden. Og Miriam Bergholz vart sett fri etter press frå Norge.

Som krimreporter bygger Nina Johnsrud vidare på eit vidt fagfelt – og ikkje minst ein aktiv interesse for innvandringsmiljøet. Tidleg i karrieren, i ei utrykking til ein brann på Grønland, fann ho to omkomne nordafrikanske menn i eit skap – dei sat og heldt rundt kvarandre. Det var ei oppleving som vekte den unge journalisten og sikkert nok påverka mye av det seinare arbeidet, med m. a. å avdekke illegale og kriminelle forhold i Norge. I 1990 var Nina Johnsrud med på å stifte SKUP, Stiftinga for kritisk og undersøkande presse.

Som journalist legg Nina stor vekt på godt kjeldearbeid og har eit omfattande nettverk av ulike kjelder. Partiuavhengig, men med stort samfunnsengasjement, seier venner og kollegar. Uredd og udiplomatisk, ho legg ikkje fingrane imellom i ein diskusjon. Folk som kjenner Nina Johnsrud seier som oftast at ho er ein journalist som behandlar folk realt. Eit døme på det er at leiaren for Profetens Ummah vart tilbode tilsvarsrett. Men om Nina blir det også sagt at ho er litt som jerven, når ho først har fått tak, gir ho seg ikkje før det knasar i bein. Ikkje for ingenting var det første idealet Frøken Detektiv!

Men det er sanneleg ikkje alle kvinner i vår yrkesgruppe som startar som krimreporter etter fylte førti. Det gjorde Nina Johnsrud. Da hadde ho fått ferten av oppgjeret mellom B-gjengen og Young Guns – og så skjedde Tøyen-drapet i 2001. Ho sette i gang eit større arbeid for å kartlegge gjengmiljøet.

Ein må vite kven dei er og kva dei kan vere i stand til, seier Nina Johnsrud. Det skulle nesten vere unødvendig å seie, men dette er viktigare enn nokon gong i den verda vi lever i dag. Det handlar om mye meir enn krimjournalistikk, som vår heimlege debatt i det siste har vist.

Som eg sa innleiingsvis, å skulle bli truga til stillheit er nesten som å miste livet når heile livet handlar om å ytre seg. Nina Johnsrud er journalist i dei fleste timar i døgnet. Ho har denne sjuka som mange av oss lir av; det er knapt forskjell på fritid og jobb. Det er ein livsstil å vere opptatt av pågåande og komande saker, kven vil skru av telefonen når det kan kome viktige tips frå kjelder du har brukt mange år på å varme opp?

Nina Johnsrud har markert seg for offentlegheit i trusselsaker. – Vi lever av å få andre til å stå fram, da må vi ikkje gøyme oss, dette er hennar eine poeng – og dessutan at synlegheit gir ein beskyttelse. Eit anna poeng er at eit kvart angrep på ein journalist må bli handtert som eit angrep på redaksjonen.

Det kan likevel vere ulike måtar for ulike journalistar og redaksjonar å handtere ein trusselsituasjon på. For somme journalistar kan det bli vurdert som viktigare å halde fram gravearbeidet, og at ein derfor unngår offentlegheit for ikkje å bli tatt av saka. Dette er eit val vi også må respektere.

Når Nina Johnsrud nå i dag får Fritt Ords honnør er det fordi ho har utvist modig journalistikk og forsvart ytringsfridomen.

Ho har tatt eit stort personleg ansvar ved å kritisere dei som misbruker ytringsfridomen til å kome med truslar, ho har konfrontert dei direkte og har argumentert for at det nettopp i ein trusselsituasjon er viktig å forsvare ytringsfridomen. Dette krev mot, stort mot.
På vegne av Fritt Ord vil eg seie som støttegruppa di på Facebook: ”Vi tier ikke, vi heller, Nina” – vi gir deg vår honnør!