Taler ved utdeling av Fritt Ords Honnør til utøya og Jørgen Watne Frydnes
Utøya og daglig leder Jørgen Watne Frydnes ble lørdag 21. august tildelt Fritt Ords Honnør under en utdelingsseremoni i Fritt Ords lokaler i Oslo.
Se filmopptak av prisutdelingen her.
Prisen ble tildelt organisasjonen Utøya og daglig leder Frydnes for arbeidet med å ha omgjort Utøya fra et åsted for terrorangrep og massedrap til en arena for kunnskap, diskusjon og motstand. Prisutdelingen ble ledet av Bård Vegar Solhjell, nestleder i Fritt Ords styre.
Bård Vegar Solhjells tale til Utøya og Jørgen Watne Frydnes
Utøya og Jørgen Watne Frydnes blir i dag tildelt Fritt Ords Honnør for å ha gjort ein åstad for terrorangrep og massedrap til ein arena for kunnskap, diskusjon og motstand. Gratulerer!
Utøya var ein gong ei ganske unnseleg øy der ho ligg i Tyrifjorden – så vidt synleg frå Europavegen som snirklar seg nedover frå Sollihøgda. Men ikkje ei vanleg øy. Ei politisk øy. Viktig og unik for AUF og arbeidarrørsla, kjend for politisk interesserte, ukjend for dei fleste andre.
Terrorangrepet mot Høgblokka i regjeringskvartalet og Utøya endra det. Utøya vart staden for eit av dei mest brutale høgreekstreme terrorangrepa vi kjenner i moderne tid. Åstad. Men også så mykje meir enn det. For i løpet av eit tiår er Utøya gradvis omskapt til ein open og inkluderande arena for diskusjon og læring. Det var ikkje opplagt, det skjedde ikkje berre. Tvert imot, det vart skapt. Gjennom systematisk arbeid, klare mål og motstand. Kva skjedde?
«Vi skal ta Utøya tilbake» sa den dåverande AUF-leiaren Eskil Pedersen allereie dagen etter terrorangrepet. Det gjorde dette målet sjølvsagt for AUF, og markerte ein rask start på arbeidet. Både økonomisk og moralsk støtte strøymer inn, og arbeidet med å skape framtida startar. Utøya AS blir etablert, og allereie året etter vert dei første planane for framtida presentert.
Åra etter det er prega av arbeid med å realisere desse planane. Tunge år, på grunn av den enorme utfordringa det er å skape brei semje – eller i det minste forståing– for planane blant dei etterlatne etter terrorangrepet, og i samfunnet elles.
Men også formande år. Det er i desse åra idégrunnlaget for dagens Utøya veks fram, og dei tre pilarane Utøya skal kvile på – og som Fritt Ord heidrar. Minne, engasjere, lære.
Minne, fordi Utøya alltid vil bere med seg massedrapet på 69 menneske, stort sett ungdommar, og dei store fysiske og psykiske skadane på mange fleire. Øya er minnestaden for dei som vart råka, som dei har vore med på å forme. Men minnet når breiare også, til dømes når skuleklassar eller andre grupper markerer bursdagen til ein av dei drepne.
Engasjere, fordi inga terrorhandling skal knekke det ho var retta mot. Tvert om, engasjementet skal vinne. Det er fascinerande å sjå at det er mange fleire sommarleirar på Utøya i dag enn for ti år sidan. Skuleklassar, konfirmantar og andre vert trekte dit og engasjerte i arbeid for mangfald mot ekstremisme.
Lære, fordi vi ikkje er fødde til å fremme demokratiske verdiar og stå opp mot antidemokratiske eller hatefulle haldningar. Vi kan derimot ta det til oss, lære det, forstå det. Hegnhuset er læringssenteret på Utøya. Læringstilbodet er forankra i verdiar, haldningar og praksis, i at ein demokratisk kultur må skapast og fremmast. Målet er å styrke ungdom sin demokratiske kompetanse – deira kunnskapar, verdiar og debattkultur.
Det er lett i ettertid å sjå kor viktig den tydelege bodskapen om å ta tilbake Utøya var. Overraskande, nesten litt hardt så kort tid etter. Men kanskje var det ein definerande augneblink. Det var ei sterkt politisk handling. Det gjorde det å ta Utøya tilbake til del av svaret på terrorangrepet. Å komme tilbake er eit teikn på motstand, ei ytring full av kampvilje og motstand. Kanskje det første dømet på at svaret ikkje berre skulle vere å minnast, men også å overvinne ideologien, høgreekstremismen.
Det var viktig også fordi åra etter 22. juli ikkje førte til eit politisk oppgjer med høgreekstremisme. Arbeidarpartiet var offer for terrorhandlinga, og samstundes ansvarleg for statsapparatet som skulle handtere konsekvensane av det. Med den brutale bakgrunnen vart det naturleg for leiarane våre å trøyste, samle og vise ein felles veg. Den partipolitiske debatten kom i fleire år til å handle mest om beredskap.
Dermed fekk vi på mange måtar det motsette av eit politisk oppgjer. Snarare ein situasjon der politikk vart teke ut av likninga. Fleire av dei overlevande som har utgjeve bøker og artiklar denne våren og sommaren, har formulert dette poenget. Ei kjensle av at dei var ønska som overlevande, men ikkje politiske aktørar i ein debatt etterpå. Tonje Brenna seier det slik: «Dersom en fotballturnering hadde blitt utsatt for et terrorangrep, tror jeg vi ville ha applaudert den første fotballkampen de overlevende hadde spilt etterpå. Vi ville vært stolte av fotballspillere som tok initiativer som ‘fotball for trygghet’ eller ‘forsvar demokratiet’. Men å svare på politisk motivert vold med politisk debatt og aktivitet blir oppfattet som upassende, nærmest uakseptabelt».
Å ta tilbake Utøya var i seg sjølv ei ytring av dette slaget. Det var å vise i praksis at engasjement ikkje lèt seg stoppe, og at idear om demokratisk engasjement og mangfald ikkje lèt seg knekke.
Terrorangrepet 22. juli 2011 var eit angrep på så mykje. Det var også eit angrep på ytringsfridomen – som vart møtt med å hegne om den, gjennom å ta tilbake Utøya og bruke ho til å styrke mykje av det terroristen ville nedkjempe. Denne honnøren anerkjenner at Utøya, og alle som tok øya tilbake, tok ytringsansvar og skapte denne sentrale demokratiske arenaen.
Ingen mann er ei øy. Det er nok sant, nett som inga øy er ein mann. Men Jørgen Watne Frydnes kjem nok ganske nær å vere denne mannen for Utøya.
Jørgen Watne Frydnes blir tidlig engasjert for å leie arbeidet med å ta Utøya tilbake. Allereie veker etter terrorangrepet er han på plass for å systematisere arbeidet med pengeinnsamlinga til øya. Året etter, i 2012, vert han dagleg leiar for Utøya. Han leiar arbeidet med å skape det Utøya vi ser i dag, gjennom aktivt og kreativt å hente inn ekstern kompetanse frå inn- og utland. Han leiar Utøya gjennom tøffe år i 2013 og 2014, der han verkar som ein slags reisande diplomat som skal forsøke å skape ein fungerande dialog om framtida for Utøya i eit polarisert terreng. Han leiar arbeidet i ein ny fase etter at Hegnhuset står klart i 2016, med fokus på å skape aktivitet og innhald. Han leiar det i dag, i ein driftsfase full av aktivitet.
I vår gav Frydnes ut boka Ingen mann er en øy. Det er imponerande å lese korleis Frydnes, som er statsvitar og ikkje terapeut, forstår at det krevst ein heilt spesiell arbeidsmåte for å kome vidare i dei tøffe åra, der planane for Utøya endeleg blir til. Han må nå ut til og vere i dialog med kvar enkelt familie som er etterlatt etter ein person som mista livet. Alle må bli høyrde, vere del av prosessen, for å kome vidare. Han gruar seg til besøka, han utset seg for eit ras av sinne, angrep, kjensler på denne måten. Han er ikkje velkommen overalt, og det er ikkje mogeleg å skape semje blant alle etterlatne. Men kanskje forståing, og ei oppleving av å bety noko – å verte høyrd.
Han skriv at «Jeg tror en av de viktigste grunnene til at arbeidet på Utøya nå anses som en relativt stor suksess, er at prosjektet tok imot ytre og indre motstand med åpne armer». Som tidlegare politikar og no embetsmann må eg seie at eg festa meg ved denne formuleringa, eg kan ikkje hugse at det var politikken sin fremste eigenskap å ta imot motstand med opne armar. Og eg ser stadig at det ikkje er staten sin største styrke. Det er umogeleg å ha følgt Utøya det siste tiåret utan å tenke på kor stor skilnad det er mellom framgangen i å skape dagens Utøya, og den kompliserte og polariserte prosessen med å etablere varige minnestadar ved Utøya og i Oslo.
Eg, som mange andre, trudde at 22. juli 2011 skulle endre norsk politisk debatt, og føre til ei massiv avvising av høgreekstreme idear og kva konsekvensar dei kunne få. Det skjedde ikkje. Desse ideane står, ifølgje PST, sterkare i dag. Kanskje, som Knut Olav Åmås skreiv i Aftenposten i sommar, «de fleste av oss undervurderte hvor mye tøff motstand som kreves mot illiberale og ytterliggående ytringer».
Samstundes trur eg motstanden står sterkare. Det siste halvåret har skapt ein annan type debatt enn på lenge. Partipolitikken har blitt del av den. Overlevande frå 22. juli trer fram på eit anna vis. Anar vi også eit generasjonsskilje i synet på høgreekstremisme, der den yngre generasjonen har ei djupn i forståing og ei vilje til motstand som er sterkare enn generasjonane før?
Vi som representerer uavhengige institusjonar i demokrati- og ytringsfeltet kan også gjere vårt. Fritt Ord har lenge vurdert prosjekt i kjølvatnet av 22. juli som særleg viktige. Vi har støtta nesten hundre 22. juli-relevante prosjekt, ikkje minst litteratur og dokumentarfilm. Vi løyva i si tid 500 000 kroner til Hegnhuset, og gav Fritt Ords Honnør til Pål Sletaune og Sara Johnsen for serien 22. juli.
Utøyas metode er å vere ein demokrativerkstad, å bidra til kunnskap og engasjement. På øya lærer nye generasjonar å delta i krevjande debattar om ytringsfridom, ytringskultur og ekstremisme. Dette arbeidet er spesielt viktig for oss i Fritt Ord, det er difor vi heidrar det.
Dette har vi lært: at det politiske oppgjeret med høgresekstremisme ikkje er eit oppgjer, men eit kontinuerleg arbeid for å bygge og utvikle det samfunnet som kan stå mot høgreekstremismen. Det arbeidet ligg ikkje på ein organisasjon, ein tale eller eit utspel, men på alle menneske i sine ulike posisjonar. Vi kan ikkje vente på oppgjeret, eller møte opp til oppgjeret, vi er oppgjeret. Eller vi er det ikkje.
Utøya er igjen ei politisk øy. Ei politisk øy som når ut til fleire – langt breiare – enn tidlegare. Som viser krafta i det frie ordet og den demokratiske tenkemåten. Som er del av oppgjeret med høgreekstrem ideologi.
Utøya og Jørgen Watne Frydnes er del av oppgjeret. Difor får dei i dag Fritt Ords Honnør.
Jørgen Watne Frydnes tale ved prisutdelingen
Dette er en historie om smerte og håp. Om sterke historier, vanskelige dilemma og viktigheten av å snakke sammen. Det er historien om balansegangen mellom det å minnes og det å skape nytt liv – om arbeidet med å skape noe meningsfylt ut av det meningsløse.
Vårt grunnprinsipp har vært at ekstremisme og ondskap ikke skal få vinne frem, politiske aktive ungdommer skal ikke kunne ties med vold. Terroristen ønsket at Utøyas historie som demokratisk kraftsenter skulle bli nettopp det, historie. Han måtte ta feil. Utøya kunne ikke slukne.
Men ville det være mulig å opprettholde AUFs prinsipielle syn om at gjerningsmannen ikke skulle oppnå sin målsetning om å stenge ned Utøya, samtidig som vi klarte å ivareta de berørte sine ønsker? Vi har reist landet rundt for å prøve å finne svarene.
Det er i stor grad de gode, tøffe og vonde samtalene som har bidratt til at vi har klart å oppnå det vi har. Vi har lyttet, vi har lært, vi har endret kurs underveis. Vi har vært åpen for kritikk, åpen for motforestillinger, åpen for råd. Tvil er en forutsetning for gode ideer. Å erkjenne feil er essensielt for å utvikle seg. Å lytte er første steg for å lære.
At vi har ønsket friksjon, diskusjon og debatt velkommen, har vært avgjørende for vårt arbeid på Utøya de siste ti årene. Og det er avgjørende for et velfungerende demokratisk samfunn, for demokratiet er jo nettopp viljen til å inngå kompromiss, å finne en balansegang mellom folk som er uenige.
I 2015 kom AUF sin sommerleir tilbake. Et sterkere signal enn det er det ikke mulig å få etter 22. juli. En rekke andre ungdomsorganisasjoner har nå også sine leire hos oss. Nå er det å arrangere sommerleir på Utøya et tydelig eksempel på unge menneskers svar og motstandskraft mot terror og vold.
Minnestedet på Utøya, Lysningen ble også etablert i 2015. Året etter kom Hegnhuset.
Siden åpningen i 2016 har hovedoppgaven vår i Hegnhuset vært å fylle bygget med aktivitet. Å bygge et demokrativerksted.
At behovet for et slikt bygg, for et slikt sted, ville vise seg å være så viktig 10 år etter trodde jeg rett og slett ikke i 2011.
Jeg var naiv. Jeg hadde tro på at vi skulle sitte her i dag og at hatet og konspirasjonsteoriene ville automatisk blitt mindre. De fleste av oss undervurderte hvor mye tøff motstand som kreves mot illiberale og ytterliggående ytringer.
Siden 2016 har snart 50.000 ungdommer reist til Utøya for å minnes, lære og bli engasjert. De lærer om terrorangrepene i regjeringskvartalet og på Utøya, samtidig som de utforsker og diskuterer hva de selv mener skal til for å ta vare på demokratiet. Hva mener de er trusler mot en demokratisk livsform? Hvordan kan demokratiet styrkes?
De øver på å reagere på hatprat, gjenkjenne konspirasjonsteorier, argumentere for sitt syn, lytte til andres synspunkter og håndtere uenighet. De får diskutere dilemmaer som hvordan klare å samtidig beskytte ytringsfrihet, religions- og trosfrihet.
Dette er komplekse og krevende spørsmål uten tydelige svar og hvor mulige løsninger må veies opp mot hverandre. Her må det også være rom for uenighet. Det er derfor god trening for aktive samfunnsborgere.
Å skape det Utøya er i dag, hadde ikke vært mulig uten innsatsen til tusenvis av mennesker. Når det nå er jeg som skriver takken, gjør jeg det på vegne av alle dere som har bidratt i dette viktige arbeidet.
Avslutningsvis må jeg få takke Fritt Ord. Da vi trengte penger for å etablere Hegnhuset, og når vi søkte om midler for å pilotere demokrativerkstedene vi ønsket å gjennomføre så var stiftelsen generøs med midler.
Å motta Fritt Ords Honnør er en stor ære, noe vi setter svært høyt. Tusen takk.
Nå ser jeg frem til at vi i fellesskap kan legge grunnlaget for å skjerpe argumentasjonen mot hatretorikk og ekstreme ytringer. At vi sammen kan møte konspirasjonsteorier og fremmedfrykt med tydelige argumenter og betydelig motstand. Som andre steder rundt om i verden har vi i Norge også sett at hatet dessverre har formert seg fortere enn motstanden er blitt mobilisert.
Vår oppfordring er ikke å la berøringsangsten og det ubehagelige være et hinder i diskusjonene om ekstremisme, hat og intoleranse. AUF, de overlevende og etterlatte skal slippe å bære ansvaret for å fortelle historiene helt alene. De skal slippe å måtte forklare hvorfor 22. juli fortsatt er aktuelt i dag.
Se dem som ble rammet. Møt hat med argument. Gjenskap trygghet. Dette var oppfordringen vi fikk fra minnemarkeringen i 2011. Disse ordene har på Utøya blitt til handling.
Kampen mot hat og intoleranse er noe som de angår oss alle. Å bygge et trygt, tolerant og fritt samfunn er noe som må involverer oss alle.
Utøya er et sted som helt klart sier at hatet aldri vil få vinne. Hvor håpet er sterkere enn frykten.
Vi ser frem til å fortsette dette arbeidet med fornyet kraft. Denne prisen er en energiinnsprøytning og til stor inspirasjon. På vegne av alle oss på Utøya: tusen takk!