Fagartikler
Mistilliten som våpen
I august 2022 vart det kjend at amerikanske Ben Swann skal laga fire nye TV-program – kvar av dei med fleire titals episodar – for den statskontrollerte russiske mediaorganisasjonen TV-Novosti.1 I seg sjølv er det lite oppsiktsvekkjande. Swann har også tidlegare jobba for den amerikanske utgåva av TV-Novosti-underbruket RT (tidlegare Russia Today).
Swann har bakgrunn som journalist, og har også vunne prisar for sitt journalistiske arbeid, sjølv om det byrjar å bli nokre år sidan. Dei siste åra har han markert seg mest på anna vis. I 2017 freista han langt på veg å underbyggja dei såkalla Pizzagate-skuldingane i eit langt TV-innslag laga for ein lokal TV-kanal i Atlanta, under overskrifta Reality Check2 Kva slags skuldingar var det snakk om? Pizzagate dreidde seg om påstandar om at leiande demokratiske politikarar var involvert i eit hemmeleg pedofilt nettverk, kopla til ei konkret og namngjeven pizzasjappe i Washington D.C., Comet Ping Pong.
Swann sitt innslag var laga etter at ein mann påverka av desse skuldingane – Edgar Maddison Welch – hadde teke med seg ei halvautomatisk rifle til restauranten, storma inn og freista å finna den hemmelege kjellaren der han meinte born vart haldne som fangar.
Comet Ping Pong har ingen kjellar. Det heile var utløyst av ville rykte på nettet, mellom andre basert på referansar til «cheese pizza» i nokre lekka e-postar. Ifølgje ryktemakarane var det ikkje pizza det var snakka om, men overgrepsbilete, «cheese pizza» vart påstått å vera ei slags kode for «child pornography». Idéen om løynde koder dukka også opp i Swann sitt innslag, sjølv om han understreka at det ikkje fanst bevis for skuldingane, berre «veldig rare greier» som han meinte burde etterforskast. Det vart for mykje for TV-kanalen han jobba i, som kortvarig suspenderte Swann og dessutan sette ein stoggar for Reality Check-konseptet hans. Eit år seinare freista han på eiga hand å vekkja det til live igjen gjennom å samla inn pengar på nettet. Då fekk han sparken.3
Men Swann har ikkje slutta å servera liknande innslag, innslag som i beste fall kan seiast å dansa på kanten av ei konspirasjonsteoretisk verd, ei verd der lite er heilt slik det framstår, og ei verd der mørke krefter lurer i skuggane. I 2021 brukte han til dømes Pentagon-støtta forsking på medisinsk sensorteknologi for å mana fram mistankar om både koronavaksinar og koronaviruset sjølv.4
Kvifor vert ein amerikansk journalist med ein hang til «alternative» forklaringar hyra inn av eit statskontrollert russisk mediekonsern? Vel, det kan fortelja oss noko om bruken av mistillit og mistankar som politiske våpen, og om konspirasjonsteoriar si rolle i russisk informasjonskrigføring.
Kva er ein konspirasjonsteori?
Før me borar vidare i dette, kan det vera verdt å stilla seg to spørsmål. Det fyrste: Kva er eigentleg ein konspirasjonsteori? Reint umiddelbart kan svaret synast ganske enkelt. Ordet konspirasjon kjem frå det latinske conspirare, «å pusta saman», men kan nok heller lesast som at nokon har snakka saman. Slik har dei inngått i ei samansverjing, eit komplott, gjerne med forbryteriske eller svikefulle intensjonar. Dermed kan ein tenkja seg at ein konspirasjonsteori berre er ein teori om at ei slik samansverjing har funne eller finn stad.
I røynda vert ordet sjeldan nytta slik. Sjølv om Swann – dansande langs kanten – kanskje kan seiast å halda seg til teorien, er Pizzagate eit godt døme. Påstandane om eit hemmeleg pedofilt nettverk som involverer konkrete og ofte namngjevne personar, og som vert kopla til ei konkret og namngjeven pizzasjappe, er ikkje teoriar. Dei er anklage. Det me omtaler som konspirasjonsteoriar, ville det vore rettare å omtala som konspirasjonsanklager. Ikkje berre det: Desse skuldingane knyter seg i betydeleg grad opp mot etablerte fiendebilete.
Kven trur på konspirasjonsteoriar?
Det andre spørsmålet: Kven trur på konspirasjonsteoriar, og kvifor? Det er kinkigare. Mange av oss har ein tendens til å sjå på konspirasjonsteoretikaren som eit naivt fjols eller som ein smågal tullebukk, ein raring i mors kjellarleilegheit, ein kar med ein hatt i aluminiumsfolie. Det kan vera freistande bilete. Det kan vera bilete som gjer det mogleg for oss sjølv å føla oss klokare og betre.
Men det kan vera lurt å sjå det menneskelege i konspirasjonsteoriane. Som menneske forstår me verda ut frå mønster. Me er avhengige av det. Utan nettopp mønster hadde desse orda på denne tekstsida ikkje vore noko anna enn meiningslause strekar og prikkar. Men tendensen til å sjå mønster kan også gjera at me ser mønster som ikkje finst: ei sky på himmelen som liknar ein hund, stjerneteikn der det eigentleg berre er stjerner, årsakssamanhengar i det tilfeldige, hemmelege koder i e-postar om pizza.
Også det å vera mistenksam er djupt menneskeleg, ein forsvarsmekanisme, ein måte å unngå farar. Men det kan førar til at me ser farar som faktisk ikkje er der. Og den tendensen vil gjerne veksa når me i utgangspunktet kjenner på mistillit eller mistru.
Det kan til dømes vera i møte med faktiske politiske skandalar. Det kan også vera eit resultat av ein politisk røyndom prega av polarisering. I demokratiske land viser fleire studiar dessutan at trua på konspirasjonsteoriar følgjer ei U-form i det politiske landskapet. Det er færre av dei i sentrum, og fleire av dei ved ytterkantane.5 Heller ikkje det er vidare overraskande. Mistilliten til etablerte institusjonar og etablerte politikarar er naturleg nok større lengst vekk frå politikken sitt sentrum.
Men forsking gjev oss også ein ganske klår peikepinn på noko anna: tendensen til å vera mistenksam aukar på i situasjonar der me opplever å ikkje ha kontroll. I 2013 publiserte den polske psykologen Monika Grzesiak-Feldman ein interessant studie: Ho stilte studentar spørsmål om ein mogleg konspirasjon rett før dei skulle ta ein viktig eksamen. Ei anna gruppe studentar fekk dei same spørsmåla før ei vanleg førelesing. Dei fyrste svarte i langt større grad at dei trudde på ei samansverjing enn dei andre.6
Tenk over kva dette til dømes kan tyda for omfanget av konspirasjonsteoriar då verda vart råka av ein pandemi i 2020, 2021 og 2022. Tenk over kva effekt omfattande og strenge smitteverntiltak kan ha hatt.
I staden for å sjå på konspirasjonsteoretikaren som ein raring i sølvpapirhatt: Tenk over kva som skal til for at du sjølv kan koma til å tru på slike anklage. Då vil du truleg koma nærare å sjå korleis både mistillit og konspirasjonsteoriar har potensial som våpen.
Våpenet
I august 2008 gjekk russiske styrker inn i nabolandet Georgia for å forsvara den russiskstøtta utbrytarrepublikken Sør-Ossetia. Russarane skulda Georgia for å vera den aggressive parten i ei konflikt med denne utbrytarrepublikken, skulda også georgiarane for «folkemord»7 og søkte å framstilla inntoget av russiske styrker som noko av ein fredsskapande operasjon. Det kan kanskje høyrast kjend ut.
Reint militært vann russarane ein enkel siger i 2008. Også utanrikspolitisk fekk krigføringa relativt få konsekvensar, sjølv om kritikken var krass frå ei rekkje europeiske land. Samstundes hadde den russiske leiarskapen ei kjensle av å ha tapt den internasjonale omdømekrigen i samband med konflikten. Internasjonalt retta russiske statsmedia som kanalen Russia Today hadde ikkje lukkast i å vinna gjennomslag for det russiske synet på konflikten utanfor dei russiske landegrensene.
Denne TV-kanalen hadde vorte etablert alt i 2005, for å – med Vladimir Putin sine eigne ord – freista å bryta «det anglosaksiske monopolet på dei globale informasjonsstraumane». Etter krigen i 2009 skifta kanalen namn til RT. Innhaldet vart også endra. Det vart mindre dekning av Russland, fleire provokasjonar, meir plass til konspirasjonsteoriar. Til å byrja med kom dei under headinga «Ei kvar historie kan også vera ei heilt anna historie». Etterkvart kom eit anna slagord: «Still fleire spørsmål».8 Den amerikanske journalisten Liz Wahl, som ei tid arbeidde for RT, fortel i eit intervju:
Manglande tillit til media, myndigheitene og den politiske klassen er utbreidd blant amerikanarar. Denne mistilliten er det enkelt å arbeida med. Og RT gjer det godt. Dei spinn på konspirasjonsteoriar som finn god såjord blant frustrerte og misnøgde amerikanarar. Kanalen fremmer paranoia om ein global elite som trekk i tråane og om korrupte vestlege regjeringar.9
Her må det leggjast til at mykje av det RT har formidla, har vore ordinært nyheitsstoff, rett nok med ei pro-russisk (og ofte ei anti-amerikansk eller anti-europeisk) vinkling. Samstundes har likevel kanalen ivrig henta inn amerikanske og europeiske kommentatorar frå både ytste politiske høgrekant og frå reint konspirasjonsteoretiske miljø.
Dette har også gjeve russiske propagandabodskap bein å gå på. Som journalisten Peter Pomerantsev seier det i eit intervju, har RT kunna tappa inn i ulike misnøyeforteljingar i ulike delar av verda. Deretter har dei kunna forma dei for å fremma russiske utanrikspolitiske mål. Han bruker Tyskland som døme: Der har RT målretta bygd opp eit publikum av vaksinemotstandarar. Sidan har dei brukt tilgjenga til dette publikumet for å fremma desinformasjon om Syria og Ukraina.10
Nettavisa Politico peiker på si side på kor omfattande gjennomslag russisk anti-ukrainsk propaganda har hatt i konspirasjonsteoretiske miljø i ei rekkje europeiske land. Det har ikkje skjedd gjennom koordinering, konkluderer avisa, men fordi statsstøtta russiske kanalar allereie har lukkast i å etablera seg som nyheitskjelder, og samstundes fordi etablert mistillit gjer det enklare å mistru vestlege media og vestlege politikarar.11
Det ligg eit paradoks her. Konspirasjonsteoriar trivst der det er avmakt, og kan iblant verta kledd opp som samfunnskritikk. Samstundes er dei nyttige verktøy i mektige hender.
Noter
(mangler fra originalmanuskript)