Frie stemmer Konspirasjonsteoretikere er vanskelige å avvise : "Det er jo det de vil du skal tro"
Anders Fitje, lektor ved Firda videregående skole, lærer flittig vekk hvordan man lager egne konspirasjonsteorier.
Fortell om et konkret eksempel eller en situasjon fra ditt liv, der du brukte ytringsfrihet eller ytringsfriheten ble viktig for deg.
Eg har fått høve til å forelese om gamle og nye konspirasjonsteoriar for lærarar, alt frå heksebrenningar i Sogn og Fjordane og antisemittiske falskneri som Sions vises protokoller, til nyare skrøner som Eurabia-teorien, og antivaksine- og andre fantasiar hos Steigan.no. Der fekk eg òg vist fram konspirasjonsverkstaden der du ved å bruke dine eigne telefonsiffer og ulike konspirasjonselement kan lage din eigen konspirasjonsteori. Gjennom ein liten tabell fekk eg til dømes «Telemarkingane jobbar i skjul for å gje asylsøkarar gratis førarkort», andre fekk «Trønderane er i lomma på muslimane for å innføre sharia i norsk Høgsterett».
Artig, men òg meint for å vise kor lett – og skummelt – det er å koke opp slike teoriar, og at dei er vanskelege å avvise når det berre er å seie «men det er jo det dei VIL at du skal tru». Elles var det òg interessant å registrere reaksjonar frå deler av dette miljøet, som meinte at å vise dei fram var eit angrep på deira ytringsfridom.
Hva er styrkene ved ytringsfrihetssituasjonen i Norge?
Vi har ein ganske mangfaldig debattkultur, vil eg seie.
Det er ein ikkje for sterk konsensus, og ein kan fornærme både den eine og den andre utan å hamne i fengsel.
Mange stemmer vert høyrde.
Hva er de største ytringsfrihetsproblemene i Norge? Og hva er de største problemene internasjonalt?
Det viser seg at vi har eit ganske livskraftig miljø i Noreg som både trur på og spreier konspirasjonsteoriar, anten det er om ulike vaksiner, antisemittisme og antiislamisme, eller klimaskepsis.
Det trengst meir trening i kritisk lesing. Dette er sjølvsagt også eit internasjonalt problem.Internett og sosiale medier, og fallet i bruk av etablerte medier og autoriserte kjelder gjer dette mogleg.
Hvilken ytringsfrihetskamp mener du er blitt glemt?
Kven fortel urfolk si historie, som kanskje ikkje har ein utprega skriftkultur? Elles har vi fleire minoritetar i Noreg som ikkje er veldig synlege i media eller i debattar.
Hvis du var Fritt Ord, hva ville du gjort mer av i fremtiden?
Frå min ståstad gjer jo Fritt Ord mykje bra, då. Om eg skal gje råd, vil det kanskje vere å ikkje lytte så mykje til kva debattar som rasar heile tida, men leite etter stemmer som ikkje ropar så høgt, men seier kloke ting likevel.
Og så halde fram med å representere heile landet, ikkje berre Oslo.